Ungdomskontakten i Stryn kommune
Både ungdom sjølv, venner eller foreldre kan vende seg til Ungdomskontakten i Stryn kommune.
Ungdomskontakten:
- fungerer som bindeledd mellom ungdom og administrasjon i Stryn kommune
- arbeider aktivt for å forbetre oppvekstmiljøet
- arbeider førebyggande på tvers av faglege område
- skal fremje lokalt kulturliv for og med ungdom i Stryn
- er kontaktperson for Stryn ungdomsråd, eit organ for og med ungdom, som fremjar saker som omhandlar ungdom og oppvekst
- er koordinator for MOT-satsinga i kommunen, og er MOT-informatør på ungdomsskulane i kommunen
- har ansvar for organisering og gjennomføring av UKM (ungdommens kulturmønstring) og leier arbeidet med Kulturnatt Stryn
Sist endra 05.12.2024 09.56