Ungdomskontakten i Stryn kommune

Både ungdom sjølv, venner eller foreldre kan vende seg til Ungdomskontakten i Stryn kommune.

Ungdomskontakten:

  • fungerer som bindeledd mellom ungdom og administrasjon i Stryn kommune 
  • arbeider aktivt for å forbetre oppvekstmiljøet
  • arbeider førebyggande på tvers av faglege område
  • skal fremje lokalt kulturliv for og med ungdom i Stryn
  • er kontaktperson for Stryn ungdomsråd, eit organ for og med ungdom, som fremjar saker som omhandlar ungdom og oppvekst 
  • er koordinator for MOT-satsinga i kommunen, og er MOT-informatør på ungdomsskulane i kommunen
  • har ansvar for organisering og gjennomføring av UKM (ungdommens kulturmønstring) og leier arbeidet med Kulturnatt Stryn