Stryn Ungdomsråd lyser kvart år ut ungdomsmidlar til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge.
-
Ungdomsmidlane er øyremerka tiltak for ungdom i alderen 12 – 20 år i Stryn kommune.
-
Tilskotet vert gjeve til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge, og er tenkt som eit middel for å setje gode idear og tiltak ut i live.
-
Tiltaket/prosjektet kan vere nystarta eller ei vidareføring av eit allereie etablert tiltak/prosjekt.
-
Tiltak/prosjekt som ikkje får stønad frå det ordinære kulturbudsjettet i kommunen vert prioritert.
Søknadsskjema for ungdomsmidlar
Utbetaling og rapport
-
Tildelte midlar vert utbetalt når kulturavdelinga har motteke melding om at tiltaket/ prosjektet er starta opp eller fullført. Siste frist for utbetaling av tildelte midlar er 1. desember inneverande år.
-
Det må leverast rapport som viser korleis midlane er brukt innan 31. desember søknadsåret.
Rapportskjema - bruken av tilskot frå Stryn ungdomsråd
Sist endra 10.02.2025 14.50