Ungdomsmidlar

Stryn Ungdomsråd lyser kvart år ut ungdomsmidlar til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge.

  • Ungdomsmidlane er øyremerka tiltak for ungdom i alderen 12 – 20 år i Stryn kommune.

  • Tilskotet vert gjeve til tiltak/prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge, og er tenkt som eit middel for å setje gode idear og tiltak ut i live.

  • Tiltaket/prosjektet kan vere nystarta eller ei vidareføring av eit allereie etablert tiltak/prosjekt.

  • Tiltak/prosjekt som ikkje får stønad frå det ordinære kulturbudsjettet i kommunen vert prioritert.

Søknadsskjema for ungdomsmidlar


Utbetaling og rapport

  • Tildelte midlar vert utbetalt når kulturavdelinga har motteke melding om at tiltaket/ prosjektet er starta opp eller fullført. Siste frist for utbetaling av tildelte midlar er 1. desember inneverande år.

  • Det må leverast rapport som viser korleis midlane er brukt innan 31. desember søknadsåret.


Rapportskjema - bruken av tilskot frå Stryn ungdomsråd

Kontakt

Ungdomskontakt
Telefon 57 87 47 76

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4,
6783 Stryn