Avfall


Hushaldsavfall

Nordfjord Miljøverk (NOMIL) har ansvaret for all renovasjon i høve private hushaldningar, med henting av sortert avfall etter rutetabell som du finn på Nomil sine heimesider:

Nomil har etablert gjenbruksstasjon for alle typer avfall. Frå privat hushald kan ein levere inntil 1000 kg farleg avfall vederlagsfritt pr. år.
Gjenbruksstasjonen på Svarstad er open til tider kunngjort på Nomil si heimeside

 

Ulovleg avfall og forsøpling

Kommunen har ansvar i høve ulovleg handtering av avfall og kan kreve opprydding, eller kreve at den som har handtert avfall ulovleg, dekker kostnadane med opprydding.

For tida har vi mange stader problem med landbruksplast som vert liggande i naturen og ikkje vert teken hand om. Dette vert ført av vinden ut i utmarka.

Vi har årlege ryddeaksjonar på våren, med spesielt fokus på plastikk på avvege i fjøresteinane. Ryddeaksjonane er delvis finansiert av Hold Norge Rent. Aksjonsperiode og innsamlingspunkt vert annonsert i lokalavisa Fjordingen og på stryn.kommune.no