Ureining til grunn og vatn
Grunnforurensing
All grunn som er eller kan vere forureina av framande stoff, skal registrerast etter kvart i databasen Grunnforurensing.
Kommunen vil mellom anna registrere eventuell ureina grunn under oppstartsmøte i plansaker. Det aller viktigaste vedrørande ureina grunn er at ein unngår å flytte eller spreie ureina materiale til reine lokalitetar.
Nedgravde oljetankar
Bruk av fyringsolje til oppvarming er forbudt frå 2020. ENOVA yter tilskot til oppgraving og fjerning av gamle oljetankar, kombinert med omlegging til miljøvenleg oppvarmingsløysing, for å hindre framtidig ureining frå tankar som går i oppløysing.
Sist endra 05.04.2022 13.25