Motorferdsel i utmarkLytt til tekstenStopp avspillingMotorferdsellova regulerer motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen.Motorferdsel som ikkje er tillate direkte i motorferdsellova, i den nasjonale forskrifta om bruk av motorkøyretøy eller etter lokal forskrift, krev at du søkjer dispensasjon/løyve frå kommunen. Dette gjeld for køyring på snødekt mark, køyring på barmark, og bruk av motorfartøy (motorbåt, helikopter osv).Dagens dato + 14 dagar er tidlegaste dato du kan søkje løyve for.Søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmarkPapirbasert søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmark (PDF, 211 kB)(må skrivast ut, utfyllast og sendast Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn),LeigekøyringStryn kommune har etablert leigekøyringsordning (ervervsløyve) med snøscooter på vinterføre i seks område. Ervervsløyve Område Løyvehavarar pr. dato Nordsida Olav Sølvberg og Nils Helge Sølvberg Sør-Markane aust for Blakset Even Andreas Dispen Bøasetra-Ullsheim Arvid Hatledal og Jens Tore Bø Flofjellet Bjørn Inge Flo Innvik Ove Hammer Utvik Anders Hage Ved å benytte leigekøyring treng du ikkje dispensasjon for følgande køyreoppdrag:Transport mellom bilveg og hytteTilsyn med privat hytte etter eigaren sitt oppdragTransport for massemedia på reportasjeoppdragTransport av funksjonshemmaTransport av vedSærskilte reglar for verneområdeI verneområde gjeld verneforskriftene sine eventuelle forbodsreglar for motorferdsel. Kontakt statsforvaltaren eller verneområdestyret v/forvaltar for nærare opplysningar. Hugs at du uansett må søkje kommunen om løyve. LenkjerRettleiar – Motorferdsel i utmark: Slik er reglene (Miljødirektoratet)Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven)Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdragLov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven)Forskrift om Jostedalsbreen nasjonalpark Sist endra 03.05.2024 08.38