Landbruk

Landbruk er ei viktig næring i Stryn, og kommunen er av dei største landbrukskommunane i fylket. Oppunder 35 000 da jordbruksareal er i drift, det meste er brukt til grasdyrking.

Landbruket er allsidig, og husdyrproduksjon utgjer hovudtyngda. Mjølkeproduksjon har tradisjonelt vore og er framleis den viktigaste produksjonen. Dei siste åra har frukt og bær blitt store produksjonar i somme delar av kommunen, og Stryn har no det største mottaket for frukt og bær i fylket.

Tal aktive bruk har her som elles i landet gått nedover. I 2003 søkte 439 om produksjonstilskot, i 2017 var talet 263.

Det er 130 000 da drivverdig skog i kommunen, og avvirkinga er stor i fylkessamanheng.

Kommunen har kartlagt dei viktigaste jordbruks- og kulturlandskapsareala i kommunen. Dette er areal som vi meiner må takast vare på og ikkje nedbyggast eller omdisponerast til andre føremål.