Stryn kommune har eit skogareal på 241 000 dekar, om lag 133 000 dekar av dette er produktiv drivverdig skog. Dette gjer Stryn til ein av dei største skogbrukskommunane i fylket.
Skogen produserar kvart år 43 000 m³, medan avvirkinga har variert mellom 14 og 36 000 m³ årleg dei siste ti åra. Svingningane er eit utslag av m.a. tømmerpris, tilskotsordningar, avvirking grunna stormskader og mengda hogstmogen skog. Totalkubikkmasse skog er kring 1 670 000 m³ – av dette er 757 000 m³ gran, 483 000 m³ lauv og 434 000 m³ furu. Grana produserer mest og gir mest igjen økonomisk på dei jamt over gode bonitetane i Stryn. Dette heng og saman med at gran er mest etterspurt av industrien både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
230 skogeigarar har eigen skogbruksplan som gir grunnlag for bærekraftig skogsdrift både med tanke på miljø og økonomi. Det er bygd over 100 km skogsbilvegar og 160 km traktorvegar. Dei eldre skogsvegane har relativt dårleg standard i høve dagens krav, så ombygging og nybygging av vegar er viktig for å utnytte skogressursane. I Stryn kommune er det tømmerkai på Faleide. Faleide tømmerplass er eigd av Stryn og Hornindal skogeigarlag.
Samla plan for skogbruket i Stryn (PDF, 901 kB)
Hovudkart samla plan for skogbruket i Stryn kommune (PDF, 11 MB)
Teiknforklaring (PDF, 264 kB)
Delkart for ulike deler av kommunen:
Sist endra 01.02.2024 10.22