Retningsliner for tilskot til skogsvegbygging

Skal du byggje skogsbilveg eller traktorveg som utløyser skog, kan du søkje om tilskot, men du må vere budd på både å vedlikehalde vegen og innfri krav om planting etter hogst.

Tilskotssats

  • Tilskot til traktorvegar ligg mellom 25-45 %
  • Tilskot til bilvegar ligg mellom 30-70 %

Den maksimale tilskotssatsen er 45 % for traktorveg og 70 % for bilveg.

For bilveg må dette vere gjort for å kome opp i makssatsen på 70 %:

  • Planlegging utført av/saman med profesjonell vegplanleggar eller nokon med tilsvarande kompetanse = + 4 %
  • Utarbeiding av anbod = + 3 %
  • Profesjonell oppfylging av anlegget under bygging = + 3 %

Er ikkje noko av det over gjort, men kriteriene elles er til stades og tilskotsmidlane strekk til, vil ein bilveg ende på makssats 60 %.

Krav

  • Kun landbruksvegar som har ei overvekt av skoginteresser (over 50 %) knytt til seg, kan få tilskot.
  • Tilskot vert kun gjeve til vegar til private og offentlege skogar over 10 dekar.
  • Tilskot vert kun gjeve til vegar som løyser ut område der det er planar om å drive eit uthaldande skogbruk.
  • Bygginga/ombygginga av vegen skal vere godkjend av kommunen, jf. forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier.
  • Det må vere utarbeida ein byggeplan som er godkjend av kommunen (på baksida av tilskotssøknadsskjemaet står det kva byggeplanen skal innehalde).
  • Veganlegg med ein anleggskostnad på over kr. 1 000 000 skal vere planlagd av ein profesjonell vegplanleggar, eller nokon med tilsvarande kompetanse.
  • Kostnadane med vegen skal vere kjend før det vert søkt om tilskot.
  • Søknad om tilskot skal sendast til kommunen før arbeidet med vegen vert sett i gong.
  • Veglina skal vere godkjend av kommunen.
  • Vegen skal byggast etter den godkjende veglina, og anlegget skal føre fram til det punktet som er oppgjeve i søknaden.
  • Vegen skal byggast etter gjeldande normalar for landbruksvegar – vegstandarden må avpassast skogen og det aktuelle området.
  • For fellesanlegg skal fordelinga av kostnadane med anlegget gå fram av signert søknadsskjema og det framtidige vedlikehaldet skal vere definert ved skriftleg avtale.
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til skogsvegar der anleggskostnadane er under 60 000 kr.
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til «enkle vegar» og enkle traktorvegar i landbruksvegklasse 8.

 

Prioritering

  • Søknader med samla anleggskostnader på kr. 300 000 og under vert handsama fortløpande gjennom året, og prioriterte etter kriteria i kulepunkt 3, 4, 5 og 6 her.
  • Søknadar med samla anleggskostnader på over kr. 300 000  vert handsama det året dei kjem inn (innanfor fristane), og vert i handsaminga prioriterte opp mot dei andre søknadane knytt til den same søknadsfristen.
  • Vegar bygde/bygde om i samband med å ta ut vindfallhogst vert prioriterte.
  • Vegar bygde i fellesskap mellom fleire skogeigarar/grunneigarar, og som på same tid løyser ut mykje hogstmoden skog og store produktive skogareal som skal nyttast til uthaldande skogbruk, vert prioriterte.
  • Bilvegar(*) og ombygging frå traktorveg til bilveg(*) vert prioritert.
  • Bilveg klasse 5(*) vert ikkje prioritert.

 

Vilkår

  • Vegar som har motteke tilskot skal haldast ved like i same standard som vegen opphavleg var bygd i. Skriftleg plan, og eventuelt avtale, for vedlikehald skal ligge føre før tilskotet vert utbetalt.
  • Ein skriftleg plan for/oversikt over framtidig bruk av arealet som vert løyst ut av vegen skal ligge ved tilskotssøknaden.
  • Areal som vert hogge skal tilfredsstillande foryngast. Normalt vil dette vere planting av gran etter hogst av gran.
  • Normalt vert det sett vilkår om nyplanting av gran på eigna, ikkje tidlegare tilplanta område, tilsvarande eitt dekar for kvar 5000 kr. gjeve i tilskot.
  • Tilskot som ikkje er nytta når byggjefristen går ut, vert trekt inn.

10 % av tilskotet vert halde tilbake til sluttrekneskapen for tiltaket er godkjend og vegen er ferdiggodkjend.