Skogfond

Skogfond er ei ordning som skal sikre at skogeigarane har midlar til investeringar og vedlikehald av eigen skogeigedom. Ved hogst må skogeigar setje av mellom fire og førti prosent av brutto tømmerverdi på skogfondkontoen.

Kor mykje som bør setjast av på skogfondet avheng av kva investeringar og tiltak som skal utførast i skogen. På nettsida til Skogkurs er det ein skogfondkalkulator som kan vere til hjelp ved slike vurderingar. Meld frå til tømmerkjøpar om kor stor prosent du vil setje av på fondet. Skogeigar får pengane utbetalt når det er gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Bruk av fondet gir stor skattefordel, med unntak av bruk til dekning av meirverdiavgift.

Skogfondet er knytt til eigedomen og ikkje til eigar. Ved eigarskifte er det viktig å passe på at ny eigar får tilknytning til skogfondskontoen. Dette skjer ikkje automatisk. Meld frå til skogbruksansvarleg i kommunen ved eigarskifte på landbrukseigedom.

Krav om utbetaling av skogfondsmidlar skjer ved at du sender refusjonskrav til kommunen. Bruk skjema frå AltInn eller landbruksdirektoratet.no. Legg ved kopi av kvittering/faktura knytt til utgiftene og kart som viser kvar tiltaket er utført (dersom dette er aktuelt). Søknader blir handsama fortløpande. Krav om utbetaling av skogfondsmidlar skal sendast kommunen seinast eitt år frå utgongen av det kalenderår investeringa vart gjennomført. Du kan sjekke saldo og kontoaktivitet på skogfondkontoen din ved å gå inn på skogfond på altinn.

Skogfondet kan nyttast til:

  • skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie  
  • nybygging og ombygging av skogsvegar, i tillegg til ombygging av lunneplassar  
  • vedlikehald av skogsbilvegar og lunneplassar  
  • miljøtiltak, som pleie av kantsoner i skog   
  • skogbruksplanlegging      
  • bioenergianlegg og -utstyr for varmeleveranse      
  • forsikring av skog      
  • kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til drift av skogen     
  • oppmerking av eigedomsgrenser i samband med jordskifte  
  • dekke meirverdiavgift knytt til dei aktuelle tiltaka  

    Her finn du ein oversikt over nokre tiltak som skogfondet kan, og ikkje kan, nyttast til!

 

Lenkjer

Ordningar for skogbruk

Forskrift om skogfond

www.skogfond.no

Skogfondskalkulator