Unge gründerar

Er du ung og har ein ide du ynskjer å prøve ut, kan du søkje om oppstarthjelp på inntil kr. 10 000.- Dette er midlar som Stryn næringshage disponerer og tildeler på vegne av Stryn kommune.

Støtte kan gjevast i form av full eller delvis kostnadsdekking.
Døme på kostnadar som er aktuelle å dekke er:

  • utvida rådgjeving frå Stryn Næringshage

  • rådgjeving innan det å drive eiga verksemd, økonomi/rekneskap, forretningsplan, søknader, etc.

  • marknadsanalyse/ -plan, marknadsføring – her under utvikling av profil og marknadsmateriell

  • kompetanseheving/kurs

  • bistand nettverk, verkemiddelapparat

Vurderer du å etablere eiga bedrift, ta kontakt med Stryn næringshage;

  • Besøksadresser:

    • Stryn Næringshage, Tinggata 3 (administrasjon)

    • Stryn TechHub, Grandevegen 13 (dagleg leiar og koordinator skule/næringsliv)

  • Postadresse: Tinggata 3, 6783 Stryn

Dagleg leiar:

Knut-Henning Hjellbakk
928 98 282
E-post: knut-henning@stryn-nh.no

Du finn også nyttig informasjon ved å gå inn på driftig.no