Stryn Fjellstyre har etter fjellova forvaltningsansvaret for jakt i Tystigbreen og Jostedalsbreen statsalmenningar, og tildeler årleg 3-4 fellingsløyve på villrein i Ottadalen Sør villreinområde.
Desse fellingsløyva vert utlyst i juni månad og kan søkast på av fast busette i det som var Stryn kommune i 1965. I hovudsak omfattar dette dei som bur i Oppstryn, Nedstryn og Loen.
Fjellstyret har avtale om mellom anna overgang til deler av Skjåk Almenning under jakta.
Det er ikkje etablert kortordning for småviltjakt i statsalmenningane eller anna statsgrunn i Stryn.
Sist endra 25.03.2024 10.15