Få breva dine rett i mobilen!

Stryn kommune sender brev elektronisk til digitale postkasser gjennom KS Svar UT. Målet er å auke effektiviteten i saksbehandlinga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, minske kostnadane og gje innbyggjarane tilgang til posten på ein rask og trygg måte, same kvar ein er i verda! 

Stryn kommune oppmodar alle innbyggjarane til å opprette digitale postkasser!

Informasjonsfilm - Motta digital post frå det offentlege

Fordelar

  • Det er tryggare enn all anna postgang
  • Det er gratis å bruke
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post

Du kan opprette digital postkasse gjennom Posten (Digipost) eller gjennom Nets/PostNor (e-Boks). Kommunen leverer elektronisk post til deg uavhengig av kva for elektronisk postkasse du veljer.

 

For å få digital postkasse må du


• ha tilgang til datanett

• ha ei eiga e-postadresse

• ha BankID frå banken din

• ha tilgang til PC, nettbrett (iPad eller liknande) eller smarttelefon

 

Slik opprettar du digital postkasse
 

Finn fram din elektroniske ID (for eksempel BankID)

Velg enten Digipost eller e-Boks og følg instruksjonane for å opprette postkasse, dei er likestilte og begge oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post. 

Opprett Digipost

Opprett e-Boks

Via lenkene under finn du også informasjon som kan hjelpe deg i gang.

Informasjon om digital postkasse Her finn du kort informasjon om kva digital postkasse er, korleis du opprettar ei digital postkasse og korleis du brukar den.

Info.film: Slik opprettar du Digipost

Info.film: Slik opprettar du e-Boks

Brukarstøtte Du kan få hjelp og bistand knytt til postkassa, e-ID eller reservasjon ved å ta kontakt med Difis brukarstøtte.

Ved spørsmål eller behov for bistand knytt til oppretting og bruk av postkasseløsninga kan du ta direkte kontakt med leverandøren si brukarstøtt.

Dersom ein ikkje har digital postkasse eller har reservert seg mot digital post, vil papirbrevet kome i postkassa eller postboksen som før.