Min Eigedom er ei av fleire digitale sjølvbetente tenester Stryn kommune tilbyr for å gjere livet enklare og meir oversiktleg for deg som innbyggjar.
All informasjon samla på ein plass
Alle som har eigedom i Stryn kommune kan sjekke informasjon om eigedomen sin via portalen Min Eigedom.
Min Eigedom fungerer som ei døgnopen digital teneste som gjer det enkelt for kommunen å tilby riktig og oppdatert informasjon til deg som innbyggjar i Stryn.
Logg inn med ID-porten
Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får tilgang på opplysingar om eigedomar der du er registrert som eigar.
Logg inn:
Min Eigedom
Om tenesta
Her får du innsyn i all informasjon om kommunale avgifter, eigedomsskatt, forbruk o.l knytt til vatn, avløp og div eigarforhold m.m
- Oversikt over kommunale avgifter
- Opplysningar om eigedomsskattetakst
- Historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter
- Er du innlogga kan du stille spørsmål eller melde ifrå om feil/manglar via elektronisk skjema
- Grunnbok- og matrikkelopplysingar om dine eigedomar
- Feiing og tilsyn med fyringsanlegg, brannførebygging
- Kart
Min Eigedom gjev deg innsyn i dei eigedomane du eig sjølv. Ønskjer du innsyn i andre eigedomar eller område, må du framleis ta kontakt med kommunen.
Informasjon frå andre myndigheiter og kommunar
Tenesta er under utvikling, og etter kvart vil du også få tilgang til andre statlege data om eigedommen din.
Har du eigedommar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel få tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysingar.
Sist endra 13.06.2024 13.18