Kunngjering vedtak i namnesak 2024/205 Guddal, Guddalsberget, Guddalsfjellet, Guddalsøyane, Flinta, Lida, Løypeelva,Myrbærskora og Treføtten i Stryn kommune

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

I vedlagte dokument kan du lese meir om vurderingane som ligg til grunn for vedtaka:

Vedtak i namnesak 2024/205 – Gutdal/Gutdalen/Guddal – Stryn kommune (PDF, 225 kB)

Namneliste til vedtak i namnesak 2024 (PDF, 92 kB)

Klage

Desse har klagerett på vedtaket etter stadnamnlova §§ 12 og 6: 

a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

d) stadnamntenesta

 

Klagefrist er tre veker etter kunngjering. De har rett til å sjå saksdokument og de kan be om utsett iverksetjing av vedtaket.

Ei klage skal vere skriftleg og grunngjeven. Ei eventuell klage skal sendast til 
Kartverket, postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss eller post@kartverket.no
med kopi til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller postmottak@stryn.kommune.no

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde , sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.