Kunngjering vedtak i namnesak 2021/120 – Gutdal og Espholen m.fl.

Statens kartverk har gjort vedtak på nokre stadnamn i Stryn kommune. Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Bakgrunn

I samband med adressering tok Stryn kommune opp namnesak for stadnamna Guddal/Gutdal og Ospholen/Espholen/Aspholen. Samstundes vart det søkt om gjenopning av namnesakene for gardsnamna Avlein, Melein og Gjerdane, der det vart gjort vedtak tidlegare. Kartverket stetta søknaden om gjenopning og nytta samstundes høvet til å reise namnesak for fleire namn som hadde skrivemåtestatusen «føreslege» i Sentralt stadnamnregister (SSR). Saka vart teken opp for å få avklart og formalisert rett skrivemåte for offentleg bruk. Kartverket sende ut høyringsbrev til kommunen 12.03.2021, og Språkrådet gav tilråding i saka i eit brev dagsett 18.02.2022.

 

Dei vedtekne namna er:

  • Espholen
  • Avlein, Avlefjellet, Avleivika, Avleisætra, Avleistranda, Avleinausta, Avleiåsen
  • Bergane
  • Gjerde, Gjerdanibba, Gjerdavatnet, Gjerdadalen,Gjerdanausta, Gjerdaksla
  • Gjerdane (39/4)
  • Landsgjerd
  • Gutdal, Gutdalsberget, Gutdalsfjellet
  • Melein, Meleinibba, Meleisætra, Meleivatnet, Meleielva, Meleidalen
  • Nos, Nosafjellet, Nosanaustet, Nosatrynet
  • Skibergsfjellet
  • Sundselva, Sundsdalen, Sundshamrane,  Sundshyrna

 

I vedlagte dokument kan du lese meir om vurderingane som ligg til grunn for vedtaka (PDF, 387 kB)

Her kan du lese vedtaksbrevet til Statens kartverk (PDF, 221 kB)

 

Klage

Desse har klagerett på vedtaket etter stadnamnlova §§ 12 og 6: 

a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

d) stadnamntenesta

 

Klagefrist er tre veker etter kunngjering, sett til 08.11.23. De har rett til å sjå saksdokument og de kan be om utsatt iverksetjing av vedtaket.

Ei klage skal vere skriftleg og grunngjeven. Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss eller post@kartverket.no med kopi til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn eller postmottak@stryn.kommune.no

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde , sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.