Brukseiningsnummer er ein del av den offisielle adressa. Dette vert nytta når fleire bueiningar har same inngang, til dømes i ei bustadblokk med felles inngang.
Eit brukseiningsnummer består av ein bokstav og fire siffer (til dømes H0204).
Bokstaven angir kva etasje det er snakk om:
- K betyr kjellaretasje
- U betyr underetasje
- H betyr hovudetasje
- L betyr loftsetasje
Dei to første siffera angir kva etasje leilegheita ligg i: 01 er første etasje, 02 er andre etasje og så vidare.
Dei to siste siffera angir leilegheitsnummer i den aktuelle etasjen. Nummereringa innan etasjen startar til venstre sett frå inngangsdøra, eventuelt øvste trinn i trappa, fortløpande nummerert frå venstre mot høgre.
Døme:
H0204 er ei leilegheit som ligg i 2. hovudetasje. Det er den 4. leilegheita i etasjen når ein tel leilegheiter frå venstre mot høgre.
MERK: det er ikkje alle bustadar som har brukseiningsnummer. Din bustad har ikkje brukseiningsnummer dersom:
- Du bur i fleirbustadhus der kvar bueining allereie har si unike adresse (for eksempel kvar sitt husnummer, eller felles husnummer, men kvar sin bokstav).
- Du bur i einebustad med eintydig adresse (berre ei bueining).