Kva er ei adresse?

Ei vegadresse består av ein adresseparsell (vegnamn) + adressenummer med eventuell bokstav (husnummer). Dersom det er fleire bueiningar som har same inngangsdør har kvar bueining i tillegg eit brukseiningsnummer.

Der ein ikkje har vegadresser er det matrikkeladressa som er den offisielle adressa. Matrikkeladressa består av gards-, bruks- og eventuelt feste- og seksjonsnummer. 

Gjeldande lovverk    

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta  

Adresseforskrift for Stryn kommune