Vegskilt
Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar.
For riks- og fylkesvegar har Statens vegvesen ansvaret.
Adressenummerskilt
Adressenummerskilt (husnummerskilt) er viktig for at det skal vere enkelt å finne fram til ei konkret adresse. Eigar/ festar av eigedomen som har fått tildelt adresse av kommunen pliktar å koste, sette opp og halde ved like adressenummerskilt.
Plassering:
- Adressenummerskilt skal plasserast slik at det tydeleg viser kva bygning/ eigedom det er knytt til.
- Skiltet skal vere lett synleg frå veg/ gate.
- Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/ innkøyrsle.
- Skiltet bør plasserast slik at det kan lesast i mørket.
- Nummerskilt skal som hovudregel stå om lag 2,5 m over bakken, om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg.
Materiale og utforming:
- Skilta skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale.
- Skilta skal festast godt.
- Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstavar, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
- Storleiken på skilta skal vere i samsvar med standard frå Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm. Breidda varierer med tal siffer på skiltet.
Adressemerke for brukseiningsnummer/bustadnummer
Kommunen har tidlegare bestilt adressemerke hos kartverket og sendt ut til dei som bur i leilegheiter, men kartverket har no slutta å produsere adressemerker. Dersom du treng eit slikt merke, må du skaffe dette sjølv.
Skilting, adressemerker
Gjeldande lovverk
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Adresseforskrift for Stryn kommune
Sist endra 06.04.2022 08.38