Skilting

Vegskilt

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar.

For riks- og fylkesvegar har Statens vegvesen ansvaret.

Adressenummerskilt

Adressenummerskilt (husnummerskilt) er viktig for at det skal vere enkelt å finne fram til ei konkret adresse. Eigar/ festar av eigedomen som har fått tildelt adresse av kommunen pliktar å koste, sette opp og halde ved like adressenummerskilt.

Plassering, materiale og utforming av skilta

Plassering:

  • Adressenummerskilt skal plasserast slik at det tydeleg viser kva bygning/ eigedom det er knytt til.
  • Skiltet skal vere lett synleg frå veg/ gate.
  • Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port,  inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/ innkøyrsle.
  • Skiltet bør plasserast slik at det kan lesast i mørket.
  • Nummerskilt skal som hovudregel stå om lag 2,5 m over bakken, om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg.

Materiale og utforming:

  • Skilta skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale.
  • Skilta skal festast godt.
  • Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstavar, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
  • Storleiken på skilta skal vere i samsvar med standard frå Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm. Breidda varierer med tal siffer på skiltet. 

 

   

Adressemerke for brukseiningsnummer/bustadnummer

Kommunen har tidlegare bestilt adressemerke hos kartverket og sendt ut til dei som bur i leilegheiter, men kartverket har no slutta å produsere adressemerker. Dersom du treng eit slikt merke, må du skaffe dette sjølv.

Skilting, adressemerker

 

Gjeldande lovverk 

Matrikkellova   

Matrikkelforskrifta  

Adresseforskrift for Stryn kommune