Unngå pipebrann - rett fyring. Sjå videoen Slik fyrer du riktig for å lære.
Eldre, personar med psykiske- og fysiske funksjonshemmingar og personar med rusproblem har ofte større risiko for å forårsake og/ eller omkome i brann.
Brannvesenet samarbeider difor med heimetenesta/ helsetenesta i kommunen. Brannvernet kan ha hyppigare tilsyn i heimane og opplæring av tilsette i kva dei skal sjå etter for å førebyggje brann.
Alle som driv verksemd i eit næringsbygg eller liknande skal setje seg inn i kva krav som blir stilt til branntryggleik.
Burettslag og sameige blir rekna som verksemd. Alle verksemder har plikt til å arbeid systematisk med branntryggleik.
Les meir om kva krav som blir stilt til ei brannsikker verksemd.
Eit særskilt brannobjekt er byggverk, område, tunnelar, verksemder m.m. der brann kan føre til tap av mange liv. Dette gjeld også stader der brann kan føre til store skader på helse, miljø eller materielle verdiar.
Stryn kommune fører oversikt over særskilde brannobjekt og gjennomfører faste tilsyn i desse objekta.
Sjå Brann og eksplosjonsvernlova §13.
Sist endra 04.01.2023 11.12