Eldstad og skorstein

Uavhengig om du må sende byggjesøknad eller ikkje, må du alltid sende melding til kommunen når du installerer eller endrar ein eldstad. Dette gjer du for at Brann- og Redningsetaten skal få operert raskare og tryggare dersom ein brann oppstår.

Du treng ikkje sende byggjesøknad når

du skal installere, endre, rive eller reparere eldstad innanfor ei og same brukseining eller branncelle. 

Det er ikkje formelle krav til dette å fjerne ein omn, bortsett frå at det skal gjerast på ein fagleg og skikkeleg måte. Kommunen kan gjerne få ei melding om fjerning men det er ikkje eit krav. Har du berre ein omn og fjernar den, er det lurt å gje beskjed til kommunen pga avgifta.

 

Du må sende byggjesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere ein skorstein.

Elektronisk skjema - søknad om rehabilitering av skorstein
 

Montering av eldstad i eigen bustad

  • Ingen formelle krav blir stilt til den som skal setje opp ein eldstad. Vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

  • Du må alltid gje tilbakemelding til kommunen om montering av eldstad.
     

Sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstad