Feiing og bustadtilsyn

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn minst kvart 4. år. Ny «Forskrift om brannførebygging» frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Feiing og bustadtilsyn

Kven gjeld tenesta for?
  • Kommunen skal syte for at røykkanalar i fyringsanlegg, som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia etter behov.
     
  • Kommunen skal syte for at det, ved behov, blir ført tilsyn med fyringsanlegg som blir brukt til oppvarming av byggverk.

Forskrift for brannførebygging § 17

Eigar blir varsla med tekstmelding (SMS)/ talemelding til telefon

 

Varsel om feiing og tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding (SMS).

Dersom det er behov for å avtale meir nøyaktig klokkeslett, ta kontakt med feiaren (sjå tekstmeldinga).

Dersom datoen ikkje passar, ta kontakt med feiaren for ny avtale.

Får du ikkje varsel om feiing og tilsyn?

 

Dersom du er eigar av bustad og ikkje får varsel om feiing og tilsyn, kan du sjekke kva kontaktopplysningar som er registrert på servicevarsling.no

Bustadtilsyn

Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden.

Dette kontrollerer vi:

  • røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømningsvegar
  • om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar
  • om det er behov for feiing og om feiaren har tilgang til skorsteinen

I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og branntryggleik i heimen. Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Kan du ikkje vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne bustaden godt.

Finn fram dokumentasjon på eldstad/ fyringsanlegg. Fekk du avvik sist vi var på feiing og tilsyn, ber vi deg dokumentere at manglane er utbetra.
 

 

 

Kva må vere på plass når feiaren kjem?
  • Gje tilbakemelding til feiaren at alt er klart, via tekstmelding, e-post eller skriv ein lapp og heng på døra. Bruk gards- og bruksnummer på tilbakemelding dersom du brukar tekstmelding eller e-post.

  • Parafin-/ oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).

  • Stenge luker, ventilar og spjeld.

  • Hugs å meld frå til leigebuar.

  • Dersom feiaren skal fjerne sotet frå botnen av pipa. Hugs å setje fram noko egna å ha sotet opp i, og ordne med tilkomst til sotluka.

Tilkomst til pipa:

  • Set fram godkjent stige. Stigen må vere i metall. I dei tilfelle det er meir enn 5 meter frå bakke til tak må stigen vere festa med godkjent sklisikring. Stigen skal nå frå bakkenivå til cirka 1 meter over takrenna.

  • Sjå til at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen. Er det fleire skorsteinar skal det vere montert gangbru mellom dei, eller trinn til alle skorsteinane.

  • Dersom skorsteinen er over 120 centimeter høg skal den ha feieluke eller plattform.

  • Alle stigar og trinn må vere montert i forhold til monteringsanvisninga.

 

Feiing/ tilsyn av feriehus og hytter
  • I Stryn kommune har det lenge vore obligatorisk feiing og tilsyn med fritidshus/ hytter som har innlagt vatn/ avløp, straum og veg. Etter kvart vil det bli innført feiing/ tilsyn på alle ferie/ fritidshus/ hytter, slik Forskrift om brannførebygging krev.

  • Feiarvesenet vil sende ut ei melding med informasjon om når dei er i området, og ønskjer kontakt med eigarane for å avtale nærare tid for besøk.

  • Kor ofte ein skal feie, skal vere etter behov, men som oftast er det kvart 4. år.

  • På fritidshus og hytter prøver vi å foreta feiing og tilsyn på same tid. Vi treng tilgang til bygningen, og ser helst at det er eigaren som er med, men det er ikkje eit absolutt krav.

Kontakt

Avd. leiar brann/ feiing/ redning
E-post
Telefon 57 87 48 36
Mobil 917 21 629

Brannvakt 917 21 631

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4,
6783 Stryn