Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også liggje føre eit delingsløyve.
Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.
Link til søknad og kva søknaden må innehalde:
Søknaden vert handsama/ vurdert etter:
-
Gjeldande arealplanar (kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2.
-
Plan- og bygningslova kap. 26, 27 og 28 (om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/ avløp og naturgjevne tilhøve som stabilitet i byggjegrunn, risiko for flaum, fare for skred m. m)
-
Jordlova § 9 og 12
§9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking
§12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk
Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/ bnr og vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.
Sist endra 12.04.2022 13.05