Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også liggje føre eit delingsløyve.

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.

Link til søknad og kva søknaden må innehalde:

Søknaden vert handsama/ vurdert etter:

  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2.

  • Plan- og bygningslova kap. 26, 27 og 28 (om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/ avløp og naturgjevne tilhøve som stabilitet i byggjegrunn, risiko for flaum, fare for skred m. m)

  • Jordlova § 9 og 12
    §9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking
    §12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/ bnr og vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.