Det er mogleg å bestille eit møte med kommunen for å avklare føresetnadane for tiltaket og rammene for den vidare sakshandsaminga. Det vert sett av éin time til møtet, der tiltakshavar og ansvarleg søkjar møter sakshandsamarar frå kommunen. Bruk eige elektronisk skjema for å bestille førehandskonferanse.
Førehandskonferanse kan nyttast i samband med alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom du skal søkje og bygge på eigen hand (søknad om tiltak utan ansvarsrett), kan du møte kommunen åleine. Førehandskonferanse kan også nyttast til å avklare om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje.
Dersom tiltaket krev ansvarsrett, bør du som tiltakshavar og føretaket du har engasjert til å ta seg av heile søknadsprosessen (ansvarleg søkjar) delta i konferansen. Konferansen vert gjennomført før ein eventuell søknad til kommunen, og kommunen fører referat frå konferansen. Referatet vert utlevert etter møtet.
Bruk dette skjemaet for bestilling av førehandskonferanse.
Kommunen må få tilsendt naudsynte opplysningar i forkant av møtet slik at kommunen får anledning til å førebu seg, og kan bidra med avklarande informasjon. Særlege forhold og problemstillingar som tiltakshavar ønskjer avklart må gjerast greie for i skjema for bestilling av førehandskonferanse. Aktuelle problemstillingar kan t.d. vere:
- Kva skal byggast?
- Kor stort skal det byggast (høgde, breidde, areal)?
- Kva skal bygget nyttast til?
- Er tiltaket avhengig av dispensasjonar frå kommuneplan, reguleringsplan eller teknisk forskrift, og i tilfelle kva krav/forhold krev dispensasjon?
I tillegg må det ligge ved kart (situasjonsplan) som syner planlagt plassering og teikningar av tiltaket.
Førespurnad om førehandskonferanse skal fremjast i eige skjema for bestilling av førehandskonferanse. Dersom det er ønskjeleg å gjennomføre møtet digitalt via Teams, må det kome fram i bestillinga.
Sjå elles fana «i forkant av møtet» for informasjon om kva opplysningar som må ligge føre i bestillinga.
Førehandskonferanse skal gjennomførast seinast to veker etter at tiltakshavar/ansvarleg søkjar har fremja krav om det.
Bestilling av førehandskonferanse skal gjerast via elektronisk skjema.
Gebyr for første gangs førehandskonferanse etter Stryn kommune sitt gebyrregulativ kostar kr 2 670,-.
Dersom det vert gjennomført fleire førehandskonferansar knytt til det same tiltaket, gjeld eigne gebyr for andre- og tredje gangs førehandskonferanse.
Gebyrregulativ for tenester etter plan- og bygningslova
Kontakt avdeling for byggesak.
Telefon: 57 87 49 08.
Byggesakshandsamarane har telefontid tysdag og torsdag frå 12.00 – 15.00.
Sist endra 17.09.2024 12.23