Førehandskonferanse

Det er mogleg å bestille eit møte med kommunen for å avklare føresetnadane for tiltaket og rammene for den vidare sakshandsaminga. Det vert sett av éin time til møtet, der tiltakshavar og ansvarleg søkjar møter sakshandsamarar frå kommunen. Bruk eige elektronisk skjema for å bestille førehandskonferanse.