Tenesta omfattar behandling av søknader m. v. etter plan- og bygningslova (Pbl). Tiltaka kan delast i tre kategoriar.
1. Tiltak som krev søknad og løyve
Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-1. For tiltak etter § 20-1 fyrste ledd punkta a) - l) er kravet at søknad, prosjektering, utføring og kontroll skal utførast av føretak med ansvarsrett i samsvar med bestemmelsar i lovas kapittel 22 og 23 dersom ikkje anna går fram av §§ 20-2 og 20-3.
2. Tiltak som krev søknad og løyve - som kan utførast av tiltakshavar
Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-4 - t.d. mindre tiltak på bebygd eigedom, vanlege driftsbygningar i landbruket, bygg, konstruksjonar eller anlegg med mellombels plassering for eit tidsrom av inntil 2 år og andre mindre tiltak som etter kommuna sitt skjøn kan utførast av tiltakshavar.
3. Tiltak som ikkje krev søknad og løyve
Gjeld følgjande tiltak etter Pbl § 20-1 dersom dei er i samsvar med plan:
Mindre frittliggjande bygningar på bebygd eigedom som ikkje skal brukast til bustadføremål,
- mindre frittliggjande byggverk knyta til jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde,
- mindre tiltak på eksisterande byggverk,
- mindre tiltak utandørs,
- mindre fasadeendringar og tiltak som kommuna finn kan fritakast for søknadsplikt.
Søknad om løyve er heller ikkje naudsynt for tiltak etter § 20-1 fyrste ledd bokstav j) når tiltaket ikkje skal stå i lengre tid enn 2 månader.
Skjema og dokument
Søknadsblankettar for byggjesak (søknadsblankettar frå Direktoratet for byggkvalitet)
Sist endra 16.01.2024 11.09