Kravet om tilsyn i byggjesak, vart innført i 1998, og er ein integrert del av byggjesaka. Overordna mål for tilsynstenesta er først og fremst å sjå til at byggjetiltak i kommunane blir gjennomført i samsvar med Plan- og bygningslova (Pbl) med forskrifter og gjevne løyve.
Kommunen skal føre tilsyn i slik omfang at det kan avdekke regelbrot.
Kommunen skal føre tilsyn med allereie gjevne pålegg, og når den blir merksam på ulovlege, ikkje bagatellmessige forhold.
Kommunen skal også føre tilsyn med særskilte forhold etter nærare forskrift frå departementet (prioriterte tilsynsområde), jfr. Pbl § 25-1.
Tilsyna skal bidra til betre bygg, ved å sjå til at føretaka har rutinar for, og gjennomfører hensiktsmessig dokumentert kontroll.
Tilsyn kan gjennomførast i alle byggjesaker, og blir retta mot føretak som har erklært ansvarsrett(ar) i byggjesaka. Tilsyn kan gjennomførast både førehandsvarsla og uanmeldt. Tilsyn kan utøvast som inspeksjonstilsyn på byggjeplassen (varsla og uanmeldt), tematilsyn (varsla), dokumenttilsyn (varsla) og revisjonstilsyn (varsla).
Sist endra 12.04.2022 13.06