Utsleppsløyve - tilkopling og utføring av sanitæranlegg

Tilkopling til offentleg vass og/ eller avløpsnett:

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand.

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling. For å kunne kople deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søkje kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova.

Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/ utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet.

Skjema «søknad om tilkopling og utføring av sanitæranlegg»

Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved.
 

Skal du kople bygget til privat avløpsanlegg, må det søkjast om utsleppsløyve:

Avløpsanlegget må planleggast og byggast av eit kvalifisert føretak (rørleggar).

Skjema «Søknad om utsleppsløyve – bustader og fritidsbustader»

Dersom det skal vere infiltrasjon i grunnen, må det leggast ved kornfordelingsanalyse av jordprøve teke der infiltrasjonsgrøfta skal vere. Det skal også ligge ved ei vurdering av kornfordelingsanalysa, som synleggjer at infiltrasjonsmassane er eigna til den omsøkte avløpsløysinga.

Det må også søkjast om løyve til endringar og utvidingar av eksisterande private avløpsanlegg.

Informasjon utbetring av private avløpsanlegg (PDF, 561 kB)

"Bygning må ikkje føres opp eller tas i bruk til opphold for mennesker eller dyr med mindre det er forsvarleg adgang til hygienisk betryggende og tilstrekkelig drikkevann, samt slokkevann.  Det same gjelder opprettelse eller endring av eigedom for slik bebyggelse", jfr. plan- og bygningslova § 27-1.

"Før opprettelse eller endring av eigedom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent, skal bortleding av avløpsvann være sikret og i samsvar med forurensningsloven" jfr. plan- og bygningslova § 27-2.