Matrikkel- og eigedomsfakta

Faktainformasjon om eigedomar vert henta frå det sentrale matrikkelregisteret, Matrikkelen.

Under synfaring av eigedomane er opplysningane i Matrikkelen kvalitetsikra ved at areal er målt opp utvendig der det har mangla eller ein har funne avvik. Areala viser også på Detaljert grunnlag for takst og skatt slik at eigar kan kontrollere om opplysningane er rette. I samband med synfaringa var det i første rekke desse opplysningane vi nytta frå Matrikkelen:

  • Eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer)

  • Type eigedom

  • Areal på eigedom

  • Kva bygg som er på eigedomen

  • Areal per etasje på bygga

  • Tal brukseiningar (bustad, fritid, næring etc.) per eigedom

Når det gjeld areal på bygg, tek ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innafor ytterveggane på bygget. Arealet vert målt for kvar etasje i bygningen. Vi grupperer etasjane i:

  • Kjellaretasje

  • Underetasje

  • Hovudetasje(r)

  • Loftsetasje

For nærare skildring av etasjedefinisjonar og arealmåling, sjå 


Vil du vite meir om Matrikkelen, kan vi anbefale følgjande lenkje: Kartverket