Kommunale vegar og gangvegar
Stryn kommune har 148 km med grusvegar og asfalterte vegar, samt 11 km med gang- og sykkelvegar å vedlikehalde. Kommunen har ein stor del grusvegar der ein er avhengig av publikum sine tilbakemeldingar for å kunne halde vegane i god køyrbar stand.
Feil og manglar på, og langs kommunal veg kan meldast inn til kommunen ved å trykkje på lenka under:
Meld feil på kommunale vegar her
Du må søkje kommunen om midlertidig stenging/sperring/kryssing av kommunal veg.
Send søknad på e-post til: postmottak@stryn.kommune.no
eller brev til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.
Gebyr for stenging, kryssing, sperring av veg
Sist endra 14.11.2024 09.56