Veglys og drift av desse

Det har vore ulike ordningar med driftinga av kommunale veglys opp gjennom tidene. Dei seinare åra har ein også skifta ut gamle lyspærer som ikkje er lovlege å bruke lenger, til LED-lyspærer med mindre straumforbruk og lenger levetid. Samtidig har ein også knytta saman ein del veglyskretsar til større og meir samanhengande strekningar.

I dag er dei fleste veglysstrekningane knytte opp mot styringsskåp, der ein via nettet kan gjere endringar og avlesing av straumforbruket.

Desse veglyskretsane har lyset avslått om natta frå kl. 24.00 til kl. 06.00 på kvardagar og kl. 03.00-06.00 natt til laurdag og søndag.

Der veglyskretsane ikkje har eigen målar, vert lyset sett på av fotocelle når det vert mørkt og slege av når det vert lyst.

Vegen Rognehaugen i Stryn sentrum har veglyset på heile natta, då dette ligg i område med Stryn vidaregåande skule, taxisentralen, politistasjonen, kulturhuset og omsorgsenteret.

Statens vegvesen eig og driftar veglyset langs riksveg 15, og der fylkesvegar har adskilt gang- og sykkelveg.

Stryn kommune ønskjer melding frå publikum på veglys som er ute av drift. Då kontaktar du service og kommunikasjonsavdelinga på tlf. 57 87 47 00 eller send ein e-post til postmottak@stryn.kommune.no