Samanslåing av eigedomar

Dersom du eig to eller fleire eigedomar som grenser mot kvarande, kan du søke om å få dei samanslått til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å slå saman eigedomar.

Slik søker du

Alle eigarane må signere på skjemaet.

  • Legg ved eit kart som viser dei eigedomane som skal slåast saman.

Dersom nokon av matrikkeleiningane har hefter, må det ordnast opp i desse før samanslåinga kan gjennomførast.

Kva skjer vidare?

Når vilkåra for samanslåing er oppfylt, sender kommunen melding til tinglysinga om at eigedomane skal slåast saman.

Gjeldande lovverk

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta