Kommuneplanen - samfunnsdel

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og skal vere førande for utviklinga i kommunen. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen blir utarbeidd i tråd med plan- og bygningslova kapittel 11.

Kommuneplanen sin samfunnsdel fastset mål og og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i kommunen.

Hovudmålet for kommuneplanen er Vekst basert på bulyst og næringsutvikling. For å nå hovudmålsetjinga skal det leggjast vekt på dei tre satsingsområda:

  • Folkehelse

  • Tilrettelegging for næringslivet

  • Bulyst og bustadtilbod

Samfunnsdelen har ein handlingsdel med fire års perspektiv som syner korleis planen skal følgjast opp. Handlingsdelen skal konkretisere mål og tiltak knytt til målsetjinga, satsingsområde og strategiar i samfunnsdelen.

Handlingsdelen gjer ei prioritering av kva vi bør få utført gjennom økonomiplanen, dei økonomiske ramma vil avgjere kva vi kan få utført. Det skal vere samsvar mellom handlingsdelen og økonomiplanen.

 

Artikkelliste