Når eit planframlegg blir lagt ut på høyring kan innbyggarane seie si meining om framlegget.
Dette er saksgangen for handsaming av eit planframlegg
-
Når planframlegget er politisk handsama blir framlegget lagt ut til høyring.
-
I høyringsperioden kan dei som er berørt og andre interesserte sende inn merknader til planframlegget.
-
Dei mottekne merknadane blir ein del av saksframlegget når planen blir lagd fram til ny politisk handsaming.
Det er viktig å sende inn kommentarar innan den fristen som er kunngjort. For seint innkomne merknader vert i utgangspunktet ikkje tekne inn i saka.
Merknader skal sendast til postmottak@stryn.kommune.no eller til
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn.
Du kan også levere merknader til Servicekontoret Stryn kommune, Tonningsgata 4.
Viktig: Dersom det er vist til ei anna adresse for innsending av merknader, må du bruke denne.