Høyring: Frivilligpolitikk i Stryn kommune 2026-2030
Stryn kommune har utarbeidd Frivilligpolitikk i Stryn kommune for 2026-2030. Frivilligpolitikken skal bidra til eit inkluderande, berekraftig og levande lokalsamfunn. Stryn kommune skal styrke og vidareutvikle frivillig sektor som ein sentral samfunnsaktør, i tråd med samfunnsplanen Fagre Stryn 2.0.
Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggande for eit inkluderande, helsebyggande og levande lokalsamfunn. Frivilligheita er ein berebjelke i lokalsamfunnet vårt, og gjennom lag, organisasjonar og enkeltpersonar vert det dagleg skapt aktivitet, livsglede og fellesskap for store og små. I samfunnsplanen Fagre Stryn 2.0 har vi slått fast at Stryn skal vere ein god stad å bu for alle heile livet. Dette krev at vi skapar framtida i fellesskap. Eit fellesskap mellom fjord og fjell. Frivilligpolitikken skal bidra til eit meir føreseieleg, langsiktig og målretta samarbeid mellom Stryn kommune og frivilligheita.
Stryn kommune ønskjer å få innspel frå innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar og andre relevante aktørar før endeleg vedtak.
Høyringsfrist er 30. april
Send innspel på e-post til postmottak@stryn.kommune.no
eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Frivilligpolitikk i Stryn kommune (PDF, 94 kB)
Sist endra 11.03.2026 10.53