eDialog - send post til kommunen på ein sikker måte

Stryn kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei er unnateke offentlegheita. Forespørsel til lege må gå via HelseNorge eller direkte til legekontoret.

Send sikker post til Stryn kommune

Mange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vere ein usikker kanal, e-postar kan stoppast i spamfilter eller ikkje kome fram av andre årsaker. 

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal. Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til Stryn kommune.

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir).

Når du har logga deg inn, skal du fylle ut skjemaet og laste opp eventuelle dokument du vil sende oss (dokument må vere i pdf-format).

Slik kan du gjere eit dokument om til pdf-format: For word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til pdf".

Send brev sikkert til Stryn kommune via eDialog

Slik fyller du ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom du veit det
  • Kommentar: Gje ev. ei utfyllande beskriving av forsendelsen din
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må vere i pdf-format
  • Klikk på "Send" - førespurnaden som blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)

Fordelen med å bruke eDialog 

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gjev ein sikker identifikasjon av kven som er avsendar
  • Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem

Vi anbefalar deg å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheita.

E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/ arkivsystem.

Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • Kommunen har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om barnehageplass, søknad om stilling m.m. Klikk for oversikt over våre digitale skjema.
  • Førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss, då kan du kan sende e-post til postmottak@stryn.kommune.no
     

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Telefon: 57 87 47 00  E-post: postmottak@stryn.kommune.no