Ukraina og beredskap i Stryn kommune

Mange har spørsmål rundt Russland sitt angrep på Ukraina og korleis dette vert handtert i Norge. Les kva kommunen gjer og kvar du finn nasjonal informasjon.

Mottak av flyktningar i Stryn kommune

Stryn kommune seier ja til busetting av 110 flyktningar i 2022, familiegjenforeining kjem i tillegg. Dette vart bestemt i kommunestyremøtet 24. mars 2022, sak 020/22.  Det pågår no eit kartleggingsarbeid for å få oversikt over både private og kommunale bygg som kan eigne seg som bustad for flyktningane. 

Kommunen må også vurdere kapasitet i tenestene. Dei som er registrerte og blir busett etter avtale med IMDi vil ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet og skal få opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Barn vil ha rett på barnehageplass og opplæring i skule, og alle vil ha rett til helsehjelp. Dei vil også ha rett til stønad ved behov.

 

Viktig at alle som kjem registrerer seg!

- Ta kontakt med politiet eller kommunen

Ukrainarar med familie og vener i Norge kan på eiga hand finne innkvartering, men det er viktig at dette vert formalisert ved registrering slik at kommunen avtalar busetting med IMDi.

Å verte registrert som asylsøkar er viktig, for mellom anna å utløyse rett til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet. Utgangspunktet er at dei som har behov for å søke vern (asyl) og bli innkvartert på asylmottak i Norge, vert tekne imot på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. 

Ukrainarar som er komne til Stryn må registrere asylsøknaden sin ved Stryn politistasjon.

Vi oppmodar alle til å bidra til at informasjon om registrering og timebestilling når ut til ukrainarar som oppheld seg i kommunen.
 

Busetjing via AMOT-ordninga, Utlendingsdirektoratet (UDI)

Bu privat

• Ukrainarar som ønskjer å bu privat, som eit alternativ til plass i asylmottak eller akuttinnkvartering.

• Midlertidig alternativ mottaksplass betyr at kommunen tek på seg ansvaret for å gje nødvendig økonomisk støtte, etablere gode rutinar for å ivareta og følge opp personar som bur privat i midlertidige buløysningar (inntil dei vert busett).

Flyktning må søkje sjølv på UDI

Alternativ mottaksplass

• For å kunne få alternativ mottaksplass, må personen ha funne ein stad å bu i kommunen.

Døme:

• Hos familiemedlemmar som er busett kommunen

• Hos andre private personar som har tilbydd ein stad å bu 

• Ein bustad som er formidla av frivillige organisasjonar eller kommunen, og som ikkje er ein del av mottakssystemet.

• UDI betaler eit månadleg tilskot til kommunen på kr 16 105 per person

 Les meir på UDI sine sider

 

Busetjing via IMDi

IMDi - Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Flyktningar vert busette i kommunen via IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet). Stryn kommune har sagt ja til 110 personar.

Avtalt sjølvbusetjing

• Flyktningar som ikkje har fått tildelt ei busetjingskommune, finn seg bustad sjølve.

• Må ta kontakt med kommunen for å avklare moglegheitene.

• Dersom kommunen seier ja til å ta imot flyktningen, må kommunen avtale dette med IMDi.

• Flyktningar som vert busett på denne måten inngår i talet flyktningar kommunen har vedteke å busetje. Dei har rett til introduksjonsprogram og alle andre sosiale rettigheiter.

 

 

Busetjing på eige initiativ

Ikkje krav på introduksjonsprogram

• Flyktningar som klarer seg sjølve økonomisk og har ein stad å bu, står i utgangspunktet fritt til å busetje seg på eige initiativ, utan avtale med verken IMDi eller kommunen.

• Forskjellen på desse og dei som buset seg sjølv etter avtale, er at dei som buset seg på eige initiativ ikkje har krav på introduksjonsprogram, men kommunen kan velgje å gje dei det. Dei kan også miste rettigheiter til andre ytingar.

 

Har du spørsmål og treng å ta kontakt med oss?

Ta kontakt med Siv Otterdal Bøe 469 51 992, siv.otterdal.boe@stryn.kommune.no
eller Jorge Hidalgo Garcia tlf 941 68 284, jorge.hidalgo.garcia@stryn.kommune.no
 

Ny i Stryn? Velkomen!

Lag og foreiningar i kommunen vår:
istryn.no

 

– Har du ledig bustad? 

Norge har opna for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar som er på flukt frå krig, og det blir no jobba med å etablere fleire mottaks- og busettingsplassar over heile landet. Alle kommunar i Norge er bedt om å vurdere kapasiteten til å busette flyktninger frå Ukraina, og kor raskt ein vil kunne busette.

Stryn kommune kartlegg no kva offentlege bustadar/bygg som kan gjerast tilgjengelege for ukrainske flyktningar i vår kommune. Vi ønskjer også å få kartlagt privatpersonar eller organisasjonar som ønskjer å tilby eller veit om tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering eller fast busetjing.

Stryn kommune ønskjer kontakt med deg som har bustad for langvarig leige (minst 1 år).

Har du plass til flyktningar frå Ukraina?

Takk for registreringa! Vi tek kontakt med deg om det vert aktuelt med leige.
Nærare informasjon ver vennleg kontakt Jorge Hidalgo tlf 941 68 284.

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen.

Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.
 

 

Kontroll og oppfølging av kjæledyr frå Ukraina 

I samband med den pågåande situasjonen i Ukraina er det venta ei aukande mengde flyktningar, og fleire av desse kjem frå Ukraina til Norge med kjæledyra sine.

Ukraina er ikkje medlem av EU, og har ein annan dyrehelsestatus enn Norge, m.a. for rabies. Normalt sett er det strenge reglar for innførsel av kjæledyr til EU/EØS, men i samband med situasjonen legg Mattilsynet no til rette for at flyktningar frå Ukraina skal kunne ta med seg kjæledyra til Norge. For at dette skal kunne skje utan risiko for spreiing av uønskte sjukdomar, skal Mattilsynet følgje opp desse kjæledyra ved ankomst.

Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom du veit om, eller har kjennskap til flyktningar som kjem med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og ev. anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet.

Du kan lese meir om dette, samt finne anna aktuell informasjon på desse sidene: 
Ukraina | Mattilsynet (norsk, engelsk og ukrainsk).
Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Mattilsynet på telefon: 22 40 00 00

 

Informasjon frå nasjonale myndigheiter

 

Informasjon om hjelpeorganisasjonene sitt arbeid

Vil du lære å snakke betre norsk? Eller vil du som snakkar norsk frå før bli kjend med nye folk og nye kulturar?

Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) kartlegg no om det er fare for store kvikkleireskred i Stryn, Førde, Eid, Gloppen og Naustdal kommunar. NVE driv derfor med grunnboring fleire stader i kommunen.

Stryn kommune ønskjer tilbod på prosjektet gravplass Nordsida kyrkje. Frist for innlevering av tilbod er måndag 18. februar 2019 kl. 13.00.

Kyrkjekontoret i Stryn ligg i 2. etg i Rognehaugen 11.

Kyrkjekontoret har fylgjande treffetid/ opningstid:

Måndag, onsdag, torsdag og fredag: Kl 9 - 15

Tysdag 10 - 15

Telefon: 57 87 61 80.

E-post: kyrkja@stryn.kommune.no

Stryn kyrkjelege fellesråd

Stryn kommune har motteke varsel  snøskredfare i faregrad 4 - Stor snøskredfare.

Som ordførar er eg glad for at Stryn kommune har inngått avtale med Gode Vegar AS for felles arbeid om vegprosjekt i kommunen. Vi har no inngått avtale for 2019, der vi også har lagt inn planlagt støtte for 2020 og 2021.

Har du hugsa å melde deg på til UKM (ung kultur møtast)? Meld deg på før 18. januar til forestillinga i Stryn kulturhus laurdag 9. februar.

 

Dagsturhytta er på plass på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn. Frå parkeringsplassen på Tonningsøyra går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Dagsturhytta ligg ca. 250 moh.
 

 

BildeSlettet
Dette elementet finst ikkje lengre og vil heller ikkje visast på nettsida.

 

 

Frå 1. januar 2019 er helsesjukepleiar den nye tittelen for helsesøster, ein ny tittel med same kompetanse.

Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur som kom inn etter 11. desember vil ikkje bli handsama før i første kvartal 2019.

Fylkesmannen har avslutta utbetalingane for 2018.