Riksveg 15 over Strynefjellet, informasjon frå Statens vegvesen

På nettsida til Statens vegvesen kan du følgje planlegginga av ny tunnel over Strynefjellet. Utgreiinga skal gje ei brei fagleg vurdering av interesser knytt til transportsystemet over Strynefjellet, inkl. arm til Geiranger.

Målet for arbeidet med konseptvalutgreiinga (KVU) har vore:

  • Å kartlegge behov knytt til transportsystemet i korridoren over Strynefjellet, inkl. arm til Geiranger. Transportsystemet for denne korridoren vil samtidig verte halde opp mot andre aktuelle aust-vest-samband for den trafikken det gjeld (E39 + E16/rv. 5–rv. 7, E134 o.a.).

  • Å avklare aktuelle konsept for transportsystemet i korridoren.

  • Å vurdere grad av måloppnåing for dei ulike konsepta.

  • Å gjere greie for transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av dei ulike konsepta.
     

Informasjon frå Statens vegvesen

Stryn brannvesen har innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i Stryn kommune grunna stor skogbrannfare. Dette gjeld til det kjem betydelege mengder med nedbør. 

Stryn kommune og Markane Idrettslag vil heidre skiskyttarheltane Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

UKM-festivalen i Sogn og Fjordane vart arrangert sist helg. To av innslaga som gjekk vidare til UKM sin landsfestival er frå Stryn. Bjørn K. T. Solheim og Marius Arntsen gjekk vidare med Bjørn sin eigenkomponerte låt «Geitafjellhyrna». Marius Arntsen gjekk også vidare med låten «Just the Two of Us».

Ryddeaksjon i Stryn kommune torsdag 11. april til og med tysdag 16. april 2019.

Søknadsomgangen for tilskot til utsiktsrydding 2019 er no opna. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande.

Kor ofte fører bakteriar, virus og parasittar i drikkevatnet til magesjuke? Folkehelseinstituttet inviterer no 56 000 personar, over heile landet, til å delta i ei ny undersøking. Også ein del av innbyggarane i Stryn kommune er inviterte.

Stryn kommune har no signert kontrakt med Vinsrygg Maskin på prosjektet gravplass Nordsida kyrkje.

I samband med renovering av lys og golv, vert hallen stengd for trening/ aktivitet f.o.m. 6. mai t.o.m. 31. august. 

Er du mjølkebonde med interesse for foredling? Eller har du interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri? Bli med på ystekurs 8. april i Førde eller 9. april på Nordfjordeid. Det er same program begge kursdagane. Påmeldingsfrist er 1. april.

Aaland Arkitektkontor AS har, på vegne av Moldreim Skifer AS, starta opp planarbeid del 2 for utviding av eksisterande masseuttak på Moldreim i Utvik.