Bli bøsseberar for TV-aksjonen

Søndag 18. oktober går startskotet for TV-aksjonen 2026, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt». Lokalt er førebuingane i full gang, og leiar og varaordførar Sonja Øvre-Flo vil kontakte dei faste bøsseberarane med håp om god respons.

Bli med på den nasjonale dugnaden!

Det er mange måtar du kan engasjere deg på i forkant av og under aksjonsdagen søndag 18. oktober:

  • Bli bøssebærar: Du kan registrere deg på TV-aksjonen sine nettsider for å gå den tradisjonelle søndagsturen med bøsse i ditt nabolag.
  • Opprett ein digital spleis: Start di eiga digitale innsamling og del den med vener, familie og kollegaer.
  • Skule og barnehage: Ta i bruk dei gratis undervisningsopplegga for å lære barna om solidaritet og årets tema.

 

Sonja Øvre-Flo med materiell - Klikk for stort bileteLeiar for TV-aksjonen i Stryn, varaordførar Sonja Øvre-Flo.

 

Aldri før har så mange hatt bruk for hjelp til å skaffe seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar. TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
 

Dette skal pengane gå til

Naudbustader: Menneske med akutt behov for husly, eller som treng hjelp til å utbetre dei provisoriske bustadene sine, skal få livreddande hjelp. Dette kan vere alt frå å gi telt til å tilby presenningar, tauverk, plankar, madrassar og anna utstyr, fram til familiane får høve til å skaffe seg meir varig husly.

Mellombelse heimar: Familiar skal få hjelp til å utbetre og reparere mellombelse bustader, og enkelte familiar skal få støtte til husleige. I tillegg vil NRC Flyktninghjelpen byggje om uskadde bygningar til bustader.

Varige heimar: NRC Flyktninghjelpen vil rehabilitere øydelagde bustader, slik at fleire kan få permanente heimar. I tillegg vil offentlege bygningar bli rehabiliterte, slik at folk kan vende tilbake til heimstaden sin og få tilgang til offentlege tenester.

Vatn og sanitær: NRC Flyktninghjelpen vil reparere og byggje opp att delar av infrastrukturen knytt til vatn og sanitære forhold. Slik kan vi saman skape eit godt og trygt miljø der familiar og barn har tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold.

Juridisk hjelp: Med dei store øydeleggingane er det avgjerande å sikre retten til hus og eigedomar. NRC Flyktninghjelpen vil gi informasjon og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettane til familiar som vender heim eller set opp mellombels husly.