Brukarskule for personar med demens

Brukarskulen er eit tilbod for personar som nyleg har fått ein demensdiagnose, og som ønskjer meir kunnskap, støtte og tryggleik i kvardagen. Kurset gir deltakarane høve til å lære om sjukdommen, møte andre i same situasjon og få verktøy som kan gjere kvardagen lettare. Målet er å skape eit trygt og inkluderande miljø der ein kan stille spørsmål, dele erfaringar og få støtte frå fagpersonar.

Kva inneheld kurset?

Brukarskulen er lagt opp til 8 samlingar med ei gruppe på opptil 8 deltakarar. Samlingane består av undervising, lunsj og ulike aktivitetar.
Brukarskulen tek for seg tema som er viktige for å forstå demens og for å skape ein tryggare og meir meistringsretta kvardag. På samlingane tek vi opp følgande tema:

  • Sjukdomen min
  • Å leve eit godt liv med demens.
  • Meistring av ny livssituasjon
  • Hjernetrim
  • Kommunikasjon
  • Gode helsevanar og ernæring
  • Planlegg for framtida
     

Samlingane blir leia av fagperson og frivillege med kompetanse på demens. Det blir god tid til samtale og spørsmål.

På brukarskulen legg vi også vekt på varierte og lystbetonte aktivitetar som til dømes fysisk aktivitet, musikk, samtalegrupper, kognitive og øvingar kreative aktivitetar som fremjar både trivsel og meistring.

 

Brukarskulen si målsetjing

  • Å gi deltakarane auka kunnskap om demens og kva ein kan forvente framover
  • Å styrke opplevinga av meistring, tryggleik og sjølvstende i kvardagen
  • Å bidra til betre livskvalitet gjennom sosialt fellesskap og støtte
  • Å gi deltakarane verktøy og strategiar som kan hjelpe dei å handtere utfordringar på ein god måte
  • Å skape ein open og inkluderande møteplass der ein kan dele erfaringar og kjenne seg forstått
     

Samlingane er på Frivilligsentralen, og struktur for samlingane er undervisning, lunsj og aktivitet. Varigheit kl.11-14. Ein representant frå hukommelsesteamet og to frivillige er ansvarleg for undervisninga. Det er plass til 8 deltakarar.

Om du kan tenkje deg å delta, eller har venner/familie det kan vere aktuelt for, ta kontakt med hukommelsesteamet i Stryn.

Ring 948 25 979 (kvardagar kl. 09.00–15.00)
E-post: anita.skarstein@stryn.kommune.no