Bur det ein barnehagelærar/lærar i deg?
- Velkomen til informasjonsmøte om barnehage- og grunnskulelærarutdanning og vidareutdanningar for barnehagelærarar og lærarar! Nordfjordeid Operahuset Tysdag 03.03.26 18:00 – 20:00
Er du interessert i å jobbe med barn og unge?
Er du nysgjerrig på kva som skal til for å bli lærar eller barnehagelærar?
Kommunane i regionen og HVL (Høgskulen på Vestlandet) inviterer til informasjon og dialog:
I Operahuset på Nordfjordeid tysdag 3. mars
kl 18:00 – 20:00
Agenda:
- Kommunane fortel om sine behov for å rekruttere lærarar og barnehagelærarar, og kva vi tilbyr pedagogar i barnehagane og grunnskulane som vert tilsett.
- Studierettleiarar informerer om Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine studietilbod, og moglegheit til å utvikle tilbod saman med kommunen (kommunane i regionen).
Kom gjerne på møtet om du:
- Er elev i vidaregåande skule og vurderer å ta høgare utdanning som lærar
- Er vikar i skule eller barnehage
- Er ufaglært medarbeidar i skule eller barnehage
- Har familie og kanskje jobb, og likevel har lyst til å ta utdanning
- Manglar studiepoeng for fullført utdanning
- Har utdanning frå utlandet og ønskjer godkjent utdanning for læraryrket i Noreg
- Er tilsett i kommunen og ønsker vidareutdanning
- Er leiar eller rådgivar i skulen eller barnehagen
- Er nysgjerrig og vil vite meir om læraryrka
Påmelding via denne linken innan 1. mars 2026
Sist endra 13.02.2026 13.47