Det er venta mykje nedbør i Stryn det neste døgnet

Det er venta store nedbørsmengder i Stryn det neste døgnet. Vakttelefonen for veg er difor bemanna. Ta kontakt på tlf 917 21 630 ved behov. Telefonen blir bemanna tysdag 5.  - onsdag 6. august.

Meteorologisk institutt melder om store nedbørsmengder i Stryn kommune det neste døgnet. Det er venta kraftig regn som kan føre til lokale oversvømmelsar, overflatevatn, stengde vegar og auka fare for jord- og flaumskred i enkelte område.

Følg med på oppdaterte vermeldingar på yr.no og varsom.no og ta førehandsreglar:

  • Hald deg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp der det kan gå ras
  • Ikkje køyr gjennom vatn som har samla seg i undergangar og på lågtliggande vegstrekningar
  • Sikre lausøyre på eigedommen din og sjekk at drenering fungerar som den skal
     

Kommunen følgjer situasjonen tett og har bemanna vakttelefon for veg og kommunalteknikk dersom det skulle oppstå problem:

📞 Vakttelefon veg: 917 21 630

Ver merksam på at høg vassføring også kan føre til redusert framkome på enkelte kommunale vegar.

Vi oppmodar alle til å vere varsame og ta nødvendige førebyggjande grep.

 

Følg med på yr

Følg med på varsom.no