OM SEMINARET
TEMA: DOPING OG FOLKEHELSE
Dato: Torsdag 29. januar 2026
Tid: 09:00–14:30
Påmeldingsfrist: 15. januar
Stad: Stryn kulturhus
Seminaret er gratis og inkluderer lunsj.
MÅLGRUPPE
Målgruppa for seminaret er personar som jobbar med ungdom, til dømes i skular, på helsestasjonar, som utekontaktar, ruskontakter, innan SLT, politi, treningssenterbransjen eller kriminalomsorga. Det er viktig at ungdom møter kunnskap og gode haldningar på fleire arenaer, frå fleire ulike personar. Seminaret skal bidra til auka medvit og kunnskap om doping som eit samfunnsproblem. Målet med seminaret er å gjere alle som jobbar med ungdom tryggare og meir bevisste på å stille spørsmål og snakke om doping.
PROGRAM
09.00–09.30: Oppmøte og registrering
09.30–09.40: Opning av seminaret – Jon B. Nesje, kommunedirektør i Stryn kommune
09.40–10.00: Kva rører seg hos ungdommen i Nordfjord? – Vidar Flo Stavik, politioverbetjent i politiet, og Jan Tore Sunde, ansvarleg for ungdom og førebygging i politiet
10.00–10.20: Sosiale medium og skjermbruk blant ungdom
10.20–10.30: Pause
10.30–11.10: Dopingmiddel – alt du treng å vite – Morten Heierdal, fagrådgjevar i Antidoping Norge
11.10–11.30: Kosttilskot – ei dopingfelle eller ein nødvendig del av treninga? – Fredrik Lauritzen, forskingssjef i Antidoping Norge
11.30–12.30: Gratis lunsj
12.30–12.50: Kva haldningar har ungdom til doping? Presentasjon av dei nyaste UngData-tala – Fredrik Lauritzen, forskingssjef i Antidoping Norge
12.50–13.05: Korleis snakke med ungdom om doping og førebyggje bruk? – Kaja Haugen, fylkeskoordinator i Vestland i Antidoping Norge
13.05–13.20: Korleis førebyggje dopingbruk på treningssenter? – Ann Kristin Grodaas frå Gym Stryn
13.20–13.35: Korleis førebyggje dopingbruk i skule og idrett?
13.35–13.45: Pause
13.45–14.15: Korleis oppdage og handtere dopingbruk? – Christoffer Lødtvedt, fylkeskoordinator i Antidoping Norge
14.15–14.30: Avslutning
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med fylkeskoordinator i Vestland, Kaja Haugen
kaja.haugen@antidoping.no
Seminaret vert arrangert i samarbeid med Antidoping Norge, Vestland fylkeskommune, Stryn vidaregåande skule, Stryn kommune og Gym Stryn.
Antidoping Norge (ADNO) har i fleire år hatt samarbeid med Vestland fylkeskommune. Som ein del av samarbeidet går ADNO og Vestland fylkeskommune saman om å arrangere årlege fylkesseminar.