Driveplikt på gardsbruk

Alle som eig eit gardsbruk har varig driveplikt. Foto Ellen Kirkeeide

Alle som eig eit gardsbruk har varig driveplikt. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan gje fritak frå driveplikta.

Formålet med driveplikt

I Noreg er berre 3 % av landarealet jordbruksareal. Eigarar av jordbruksareal har difor eit viktig forvaltaransvar. Sjølve føremålet med driveplikta er at matproduksjonen vår skal sikrast ved at jordbruksareala er i kontinuerleg drift. Dagens konflikt mellom to av verdas største kornprodusentar understrekar kor viktig det er at ein tek vare på matjorda. Det er ikkje gjeve at tilgongen til mat vil vere like god framover. Driveplikta gjeld for alt jordbruksareal uavhengig av storleiken på arealet. Jordbruksareal er definert som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
 

Kven er ansvarleg for å oppfylle driveplikta

Eigar må drive sjølv, eller leige ut areala på dei vilkåra lova set. Driveplikta er ei personleg plikt som varer i heile eigarperioden. Dette gjeld og for arvingar i eit dødsbo. Ved eigarskifte skal ny eigar innan eit år ta stilling til kven som skal drifte areala. 
 

Kva inneber driveplikta

For å oppfylle driveplikta skal jorda sine produksjonseigenskapar takast vare på slik at jordbruksarealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift, med mogelegheit for normal avling. Det er ikkje krav til driftsform, men utgangspunktet er at areala vert hausta årleg. Driveplikta er ikkje oppfylt dersom eigar berre slår arealet med beitepussar.
 

Leige av jordbruksareal

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Ein føresetnad for at driveplikta kan oppfyllast ved bortleige er at eigar og leigetakar skriv ein avtale på 10 år. Eigar har ikkje høve til å seie opp denne avtalen. Dersom det går fram av avtalen, kan leigetakar seie opp avtalen før tiårs-perioden er ute. Avtalen kan fornyast etter ti år.  Avtalen må føre til driftsmessig gode løysingar, og vere skriftleg. Kopi av avtalen skal sendast til kommunen. Det er kommunen sitt ansvar å vurdere om avtalen fører til ei driftsmessig god løysing.
 

Fritak frå driveplikta

Dersom grunneigar ikkje driv sjølv, eller får leigd ut areala sine, må det søkjast om fritak frå driveplikta. Kommunen handsamar søknaden og kan gje fritak for ei viss tid, eller varig fritak. I ei slik avgjerd skal kommunen leggje vekt på:

  • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • Storleiken på arealet
  • Avkastingsevne
  • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
  • Eigar sin livssituasjon
     

Sanksjonar ved brot på driveplikta

Dersom jordbruksareala ikkje vert drivne i samsvar med lova, kan kommunen gje pålegg om at jorda skal leigast ut for inntil 10 år. I område der tilhøva ikkje ligg til rette for utleige, kan kommunen gje pålegg om at areala skal plantast til med skog, eller at det må gjerast andre tiltak som sikrar landskapsomsynet. Ved brot på driveplikta kan det, i følgje § 20 i jordlova, fastsetjast tvangsgebyr.
 

Kommunane sin rolle

Handheving av driveplikta har fram til nyleg ikkje vore ei høgt prioritert oppgåve for kommunane. Dette vert no innstramma, og Statsforvalteren har oppfordra kommunane til å skunde på arbeidet med å handheve driveplikta, jf. jordlova § 8.
Difor spreier vi med denne artikkelen det glade bodskap, og føl opp med diverse brev og direkte kontakt. Kommunane vil legge ut informasjonsskriv og forslag til leigekontrakter og informasjonsskriv på heimesidene våre.

Landbrukssjef i Stryn kommune
Ellen Kirkeeide

Landbrukssjef i Gloppen/Stad kommune
Trine Alme

Landbrukssjef i Kinn kommune
Jon Anders Stavang

Fagkonsulent i Bremanger kommune
Sigmund Larsen