Eigedomsskatteseddel og klagefrist

Eigedomsskattesetelen for 2026 er no sendt ut til grunneigarane i kommunen. Setelen gir informasjon om fastsett eigedomsskatt og det er høve til å klage på taksten innan 6. april 2026.

Eigedomsskatteseddel er sendt til grunneigarar i kommunen. Skatteseddelen er informasjon om eigedomsskatten for 2026 og ikkje noko faktura.

Eigedomsskatten vert fakturert i 3 terminar saman med dei andre kommunale avgiftene.

Skatteliste til offentleg ettersyn er lagt ut på heimesida til kommunen og i servicekontoret til Stryn kommune i Tonningsgata 4.  

Du kan klage på eigedomsskattetaksten om det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare. 
Klagefrist er 06.04.2026.

Klaga skal vere skrifteleg og grunngjeven og kan sendast til postmottak@stryn.kommune
eller Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.