Er du klar for stortingsvalet?

Stortingsvalet nærmar seg, og sjølve valdagen er måndag 8. september. Fram til og med fredag 5. september har du moglegheit til å førehandsstemme. Allereie no har mange nytta høvet: Tysdag 2. september hadde 1559 av dei 4872 stemmeberettiga i kommunen førehandsstemt. 

Har du bestemt deg?

Du kan førehandsstemme på desse stadane:

STRYN KULTURHUS
Ope til og med fredag 5. september kvar dag kl. 11:00–18:00

KOMMUNESENTERET, Tonningsgata 4 (3. etasje)
Ope til og med fredag 5. september kvar dag kl. 09:00–15:00

Bruk stemmeretten – det er di moglegheit til å påverke!


 

Bilde av Per og Anna ved kulturhuset - Klikk for stort bileteFørehandsstemminga held fram til og med fredag 5. sept kl 18.00. Leiar i valstyret, ordførar Per Kjøllesdal, og valansvarleg, Anna B. Egedahl, meiner at denne mogelegheita er viktig med tanke på valoppslutnaden.

Stad og tid du kan stemme
valdagen måndag 8. september:

Stryn kulturhus 10:00 – 21:00 

Olden skule 12:00 – 20:00 

Vikane skule 12:00 – 20:00  

Nordsida skule 13:00 – 19:00 


Kven kan stemme?

Du som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er norsk statsborgar, kan stemme ved stortingsval. Det er ein føresetnad at du står oppført i manntalet (liste over alle med stemmerett). 

Hugs: Stemma di tel, og du er med på å forme framtida. 
 

Korleis stemmer du?

  • ta med legitimasjon med bilde
  • gå til eit stemmeavlukke der alle vallistene ligg
  • vel lista du ønskjer å stemme på
  • brett lista med stempelsida ut slik at ingen ser kva liste du har valt
  • vis legitimasjon til ein valfunksjonær
  • få lista stempla av ein valfunksjonær før du legg den i forsegla valurne
     

MERK: Nytt ved årets stortingsval er at du ikkje kan gjere endringar på lista