Fagleg påfyll om bær 12. sept
Prosjektet “Rekruttering til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn” inviterer til inspirasjonsbesøk til Bare bær - ytterst på Stadt, også kjent som Borgund Bær. Samlinga er like aktuell for både eksisterande produsentar som ønskjer å sjå kva andre driv med, og for dei som er nye eller berre interesserte i bærproduksjon.
Bare Bær dyrkar mellom anna økologiske solbær og aronia. I tillegg driv dei lokal foredling og vidaresal av bæra sine. Dei vil dele kunnskap om dyrking og driftsopplegg, økologisk plantevern, marknadsanalyse, fordeling og mykje anna.
Dato og tid: 12. september kl 12-14
Stad: Borgundvåg på Stadlandet, Borgundvågvegen 590.
Påmelding innan 9. september
Påmelding sender du på e-post til landbruksrådgjevar Jofrid Brennsæter
Ta kontakt dersom du er interessert i å sitje på med oss frå Landbrukskontoret. Vi køyrer frå Sandane kl. 9.40.
Vi håpar mange har høve til å bli med.
Lenke til facebook arrangement her
Arr: Prosjektet "Rekruttering til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn"
Sist endra 07.09.2026 10.54